Boargeitene er knallgod på å halde landskapet fint. Gjennom tre månader kvar sommar bidrar dei sterkt til å halde vegetasjonen nede i friområdet på Risnes. Geitene har klave med GPS og parkforvaltaren justerer kvar geitene skal opphalde via mobilen.
Camilla Undal er parkforvaltar og har teke oss med til Risnes i Tananger. Nedanfor bustadfeltet er det eit nokså stort friområde heilt ned til havet. På 70-talet vart det planta store felt med sitka-gran her for å gi le for vinden. Den kan rive godt innover frå havet.
— For om lag seks år sidan gjekk naboane saman. Dei ville heller kunne sjå den vakre utsikta. Dei høgde ned på dugnad. I tillegg hjelpte kommunen også litt til. Noko skog har blitt verande, til glede for barnehageungar og skuleelevar i området.
Store deler av området er definert som kystlynghei og her høyrer ikkje trea eigentleg til. Desse sommarvikarane sørger for å halde nede skudda frå alle slags treslag, fortel Undal.
Sola kommune har nemleg hyra inn 10 Boer-geiter for å halde vegetasjonen i sjakk. Ideelt ville Camilla hatt tre gonger så mange, men det er knappheit på midlar og 10 er 10 gonger betre enn ingen geiter.
Geitene er ein fin gjeng som held seg mest i lag. Litt stanging, men så er dei like gode vener etterpå.
Geitene er kosete og blir gjerne klappa og kosa med. Ein skal likevel ha stor respekt for dei. Ho rår folk til å la geitene kome til deg - og ikkje omvendt.
— Dei kosar seg her i tre månader. Så drar dei vidare til andre oppdrag – geitene er ettertrakta. Vi bruker No fence-halsband for å ha kontroll på dei. Då slepp vi ha gjerde og gjerdeklyvarar. Kjekkare og finare både for geitene og alle som går tur. Vi definerer området dei kan vere på og justerer dette jamnleg. Dette gjer vi enkelt frå mobil. Dersom ei geit går utanfor det definerte området, kjem det ein varsellyd. Som regel snur geita då og går tilbake til flokken. Dersom ho vel å ignorere varselet, kjem det eit bittelite støt i halsbandet. Dei er veldig intelligente dyr, så dei lærer dette fort, forklarar Camilla.
Ho fortel at villsau eigentleg er det ein bruker for å ivareta kystlynghei, men at tilgangen er låg. Å leige geitene var eit prøveprosjekt som har vist seg å fungere veldig bra. Dessutan har geitene ein anna fordel.
Litt rivalisering høyrer med. Etterpå var dei gode vener igjen.— Sauer er litt mindre sosiale. Geitene er sosiale og til stor glede for dei som kjem hit. Dei er nysgjerrige og veldig kosete. Ein skal likevel alltid ha respekt for at dette er dyr og ein god regel er å alltid la dyret kome til deg.
Det er bonden Thore Joa som eig geitene, og Undal er svært takksam for at kommunen får leige dei.
— Ja, vi er utruleg glade for at vi i kommunen får lov til å låne desse geitene slik at vi får skjøtsla dette utruleg fine landskapet på ein god måte.
Også lyngbrenning blir brukt som tiltak for å ivareta kystlyngheia. Les meir om lyngbrenning på vår nettside her