– Landbruket ligg i solabuens DNA

– Å drive jorda er viktig for Solas kultur og eg gler meg til å bli kjent med bøndene!

Det seier Elin Schanche. Ho er tilsett som ny landbrukssjef i Sola kommune og ser fram til oppgåvene.

– Som tilsett i ein kommune, er vi først og fremst til stades for innbyggarane. Difor må vi jobbe mest mogleg utover. Eg gler meg til å bli kjent med organisasjonen Sola kommune og ser fram til samarbeid med ulike avdelingar – til beste for bøndene, seier Schanche.

Ordføraren ser fram til å få Elin i landbrukssjefsrolla.

— Eg er enormt glad for at Elin vil starte hos oss. Ho har solid kunnskap om landbruk og er ei grepa bra dame. Landbruket er ein viktig del av Sola, og saman skal vi løfte landbrukskommunen endå meir, seier Janne Stangeland Rege.

Bønder i generasjonar 

Elin vaks opp på Utstein Kloster med mor, far og ein stor gard som hadde vore i familien sidan 1700. Som eineborn hadde ho sjølvsagt odel til å ta over garden, men faren ville ikkje at Elin skulle kjenne på noko press om å overta.

– Då eg var 15 inviterte han meg til ei rekke, ganske djupe samtalar. Han ville at vi skulle finne ut om eg ville ta over, eller om han skulle begynne å sjå seg etter om nokon andre i slekta kunne vere interessert. Han la ikkje noko press på meg og var veldig tydeleg på at eg hadde eit val, sjølv om eg hadde odelen. Eg er svært takksam for at eg kunne ta dette valet aktivt.

For då Elin møtte andre jenter som skulle ta over sine gardar, vart ho mange gonger sjokkert over alt dei fortalde. Fleire opplevde lite støtte frå foreldra og mange kom i konflikt med brødre som ville overta. Jentene vart rett og slett ikkje sett på som sterke nok til å ta over og både foreldre og brødre la press på jentene. – Det er klart at gardsarbeid kan vere mange tunge løft, men dette kan ein finne løysingar på!

Elin var med i gardsarbeidet frå tidleg alder – og dette var uvanleg for jenter. Ho var med på stell, lamming og sauesanking, og ho likte det. Dei brukte hest i staden for traktor. Rett før Elin skulle starte på landbruksskule, ordna faren det likevel slik at ho lærte å køyre traktor. Han ville ikkje at ho skulle bli flau for at ho ikkje kunne det.
– På landbruksskulen møtte eg mange gutar som lurte på kvifor i all verda eg gjekk på landbruksskule. Eg var heldig som alltid hadde hatt god oppbacking heimanifrå.

Ho utdanna seg både til agronom og økonom og dreiv garden saman med mannen i 24 år. Dei hadde sauer, storfe, gris og kålrabiproduksjon. Med 400 vinterfora sauer var dette ein av landets største gardar med sau og ein gard det gjekk an å leve av.

Oppfordrar til grundige samtalar

Det var ikkje innlysande kven av dei fire borna som ein dag skulle ta over. Elin og mannen hadde framsnakka alle dei positive sidene ved gardsdrift, og alle ungane kunne i teorien ha teke over.

– Vi brukte same samtaleprosess som min far i si tid hadde gjort. Og sjølv om eldstemann hadde odel, ville vi at alle borna skulle kjenne at det hadde vore ein god prosess. Eg jobba seks år som banksjef for landbrukskundar i SR-bank, og såg gong på gong at familiar ikkje hadde snakka godt nok saman. Det kan skape konfliktar og vonde sår. Å overta ein gard har både fordeler og forpliktelsar. Og det er ei overtaking som skjer utanom den opne marknaden, slik at den som overtek garden får den til lågare pris. Denne ujamnheita bør ein forsøke å kompensere dei andre borna så langt det let seg gjere og i alle fall forklare kvifor dette ikkje blir heilt rettferdig. Eg vil tilrå at folk snakkar saman i god tid.

Den nye landbrukssjefen er også tydeleg på at arvtakarane ikkje bør vere for unge når dei tek over.

Landbruk ligg hennar hjarte nærast

En kvinne smiler mens hun holder en gulrotbunt - Klikk for stort bildeElin Schanche

– Å drive gard krev mykje kunnskap og kompetanse! La dei utdanne seg, la dei fly litt! Personleg har eg hatt stor nytte av økonomiutdanninga i gardsdrifta.  La ungdommen tileigne seg kunnskap før dei tek over. Samstundes bør neste generasjon overta mens ein er på høgde fysisk, har pågangsmot og  før èin blir van med 8-16-jobb. Som bonde er ein på 24/7.

Elin gler seg til jobben som landbrukssjef i Sola. Men korfor søkte ho eigentleg?

–  Eg har jobba med mykje forskjellig gjennom livet, men ofte kome tilbake til landbruket på ein eller anna måte. Også i politikken. Eg tenker at det kan vere kjekt å avslutte arbeidslivskarrieren innanfor det feltet som ligg hjartet mitt nærast. Eg har lyst å gjere det enklare for bøndene, og kommunisere på ein god måte dei gongane vi ikkje kan kome dei i møte. 

Landbruket er viktig for kommunens kultur og ligg i solabuens DNA!