Marianne og Kolbjørn har gitt elevar eit nytt håp

På Kolnes, like ved sjøen, finn vi den vakre Kolnesstranden Gård. Ikkje vanskeleg å sjå føre seg at ein kan få meir fred i sjela her. No ha to barneskuleelevar opplevd nettopp det.

Marianne og Kolbjørn Bø står ved siden av hverandre og ser i kamera. De holder hvert sitt "tannhjul", ett gult og ett grønt. - Klikk for stort bildeMarianne og Kolbjørn Bø har opna både garden og hjarta sine for to skuleelevar som ikkje treivst i vanleg skule. Seksbarnsforeldra er vande med liv og røre og har nok av tolmod. Dei to av tannhjula som får Sola-maskineriet til å svive.


 

Det heile starta med at Marianne Bø fleire gonger tok med seg elevar til garden då ho jobba som miljøterapeut på ungdomsskule.

– Elevar som ikkje passar så godt inn i eit klasserom, fekk kome hit, oppleve meistring. Dei kjende at det var godt å få gjere noko enn berre teori. For nokre elevar er fysisk arbeid, vere med i traktor og delta i arbeidet på garden vere ein betre måte å ha skule på. Dei opplever at dei får til ting og då får dei meiningsfulle dagar. Og ikkje minst kjenner dei seg trygge her. Dei føler seg heime, seier Marianne.

Kolbjørn hugsar at då han sjølv var elev, var det nokre som ikkje heilt fann roen i klasserommet.

– Nokre treivst ikkje så godt i klasserommet og var flinkare i meir praktisk arbeid. Å kunne ha andre arenaer for læring, ser vi er veldig bra! Og vi trur det er nyttig for samfunnet, seier Kolbjørn.

 

Ein fysisk og praktisk skulekvardag

Elevane Marianne tok med seg frå skulen fekk vere med i traktor, ATV og elles bli med på alt gardsarbeid som høyrer til. Det dei sådde, kunne dei hauste. Dyra har også ein terapeutisk verknad på menneske. Deira innsats bar frukt.

Etter nokre år, fann Marianne og Kolbjørn ut at dei kunne gjere tilbodet meir permanent. Dei sertifiserte seg til «Inn på tunet»-gard og har i dag to elevar. Desse har heile eller deler av sin skulekvardag på garden deira. Lærarar/assistent er med for å støtte borna og kjem til garden dagleg. Elles er det mest fysisk arbeid på elevane.

– Begge elevane har hatt ein heilt vanvittig fin progresjon. Dei har opplevd så mykje meistring og ansvar at dei har vekse enormt. Den eine kan endåtil tenke seg å bli bonde i framtida, seier Marianne.

 

Krevjande og givande!

Seksbarnsforeldra Marianne og Kolbjørn er vane med mykje liv og røre. Dei tåler at elevane av og til testar dei ut eller ikkje heilt «har dagen». Og sjølv om det kan vere nokre diskusjonar av og til, er dei ikkje i tvil om at jobben deira har mest positive sider.

Kva er krevjande med å ha garden sin som ein skule på denne måten?

– Det einaste er vel at dagane kan vere uføreseielege. Vi veit aldri korleis dagane blir. Korleis dei startar, blir utover eller korleis dagane avsluttast. Til ei kvar tid må vi kunne snu om på planar og det vi hadde tenkt vi skulle gjere, og sjå på nye moglegheiter. Det kan vere krevjande, seier Kolbjørn.

Kolbjørn og Marianne er likevel ikkje i tvil om at det er verdt det. Arbeidet med elevane gir dei stor glede.

– Det gir oss veldig mykje! Å oppleve den meistringa og gleda dei viser….At dei alltid vil tilbake til oss og få samarbeidet til å fungere. Og dei smila og klemmane vi får… Det er heilt fantastisk! Seier Kolbjørn.

– Ja, når vi ser dei sprudlar over… «eg klarte det!»…Det er ei stor glede for oss! Seier Marianne.

 

Kolnesstranden Gård er en sertifisert Inn på tunet-gård.