Med klasserommet i det fri

Grannes skole har teke i bruk ein eigen metodikk og lar nokre elevar ha skuledagen sin ute, éin dag i veka i 10 veker. Erfaringane er svært positive.

Kva har de lyst å gjere i dag? spør lærar Hege June Forus.

Elevane sit saman med lærarane Hege June Forus og Marie Bakke Kvalevåg i ein slags gapahuk i skulegarden ved Grannes skole. De er tydeleg at her er det elevane som skal bli einige.

Går over brua til Hestholmen - Klikk for stort bilde

Elevane, som er ei gruppe på ti elevar frå 5., 6. og 7. klasse, vert raskt samde om at Hestholmen skal vere dagens «klasserom». Og utan å bli bedt om det, begynner dei å finne fram utstyret dei treng. Ved, hengekøyer, fiskestenger og anna turutstyr vert effektivt pakka inn i dei to lærarane sine bilar. Ein halvtime seinare går dei med raske steg over brua til Hestholmen.

Elevane må ta ansvar for skuledagen

-Viss dei vil lage bål eller bruke pizzaomnen, må dei hugse på til dømes å ta med ved. Vi ansvarleggjer dei og masar ikkje om kva dei skal hugse. Kjem vi fram til leirstaden og ikkje har med ved, vil dei nok hugse dette neste gong, forklarar Hege June.

Hege June Forus har vore lærar i mange år og fortel at metodikken i «Natur for alle» har snudd heilt opp-ned på korleis ho forheld seg til elevane. Alle elevar ved Grannes skole kan søke om å få bli med på naturskule. 

-Når vi har naturskule, skal elevane sjølve kome fram til kva dei har lyst å gjere. Kvar vi skal dra, kva vi skal ete og korleis vi skal ha det bra saman. Vi har ingen reglar på tur. Alt er lov så lenge det ikkje går ut over dei sjølve eller medelevane.
 

-Mobil?

-Ja, vi forbyr ikkje det heller. Det som er fint å sjå, er at gruppa sjølv ikkje vil at nokon bruker mobilen, og då blir det minimalt. I stad var det ein som ringte mora for å få tips om korleis dei hadde gjort det då dei laga pil og boge heime. Ein kort samtale og så tilbake.

Hege June står ute med ein thermokopp - Klikk for stort bildeHege June Forus

Gleda ved å meistre sjølv

Ute på Hestholmen går elevane i gong med mange ulike aktivitetar. Og alle startar opp det dei vil utan at lærarane må involverast. «Vi stikk og fiskar!» «Vi prøver å fyre opp bål.» «Eg vil legge meg i hengekøye i dag!» To elevar kavar med vedtralla opp den siste grusstien og fleire står tolmodige og prøver å lage gneist til bålet. Lærarane har trent seg på å ikkje tilby å hjelpe. Dei vil ikkje ta frå elevane å meistre.
 

Når barna får vere med på naturskule, skjer det mykje positivt. Også på lenger sikt. 

Elevane lærer å ta omsyn både til seg sjølv, medelevane og naturen der dei er. I gruppa samhandlar dei på tvers av tre klassetrinn og det er også bra når dei møtest seinare.

Hege June fortel at ho av og til får spørsmålet om elevane som har ein dag ute i naturen går glipp av undervisning.

Spikking med kniv - Klikk for stort bilde

-Då svarar eg at jo, i den forstand at dei ikkje er akkurat i klasserommet akkurat den tida. Men vi er svært opptekne med dei overordna måla i læreplanen, særleg om demokrati og livsmeistring. Og dette står i sentrum på turane med naturskulen. Her må dei ta eigne val som tener gruppa.

Det vi ser er at elevane frå naturskulen er veldig motiverte for det som skjer i klasserommet. Mange fortel at det å vere med på naturskulen har gjort det lettare å gå på skulen alle dei andre dagane, fortel Hege June.
 

Meir motiverte dei andre dagane

Ho legg til at Grannes skole har prøvd ut å ha heile klassar på tur – med same effekt. Elevane vert meir motiverte for å jobbe fagleg dei andre dagane på skulen.

Rektor Tone Rabben Hølland støttar heilhjarta opp om Trygg av natur ved Grannes skole.

Rektor Hølland utenfor skolen - Klikk for stort bildeTone Rabben Hølland

Eg drøymer om ein skule der det er plass til alle barn. Ein stad det er fint å vere og ein plass dei høyrer til. Ein skule der elevane har tillit frå dei vaksne og dei er nysgjerrige på kva elevane har lyst å få til. Å avdekke korleis eleven lærer best, vil gi eit større rom for både meistring og læringsglede, seier Tone.

Ho legg til:

Naturskulen svarar godt på desse måla. At opplegget også gjer at elevane er meir motiverte for å lære dei andre dagane, er ein enorm bonus. Då veit vi at vi har valt rett.

Naturskulen bygger på metodikken Natur for alle. Her kan du lese meir om Natur for alle på deira nettside

Du kan også finne ein kort film på vår facebookside.