Ny barnehagesjef i Sola

Mona Mjølsnes Knutsen er tilsett som ny barnehagesjef i Sola kommune.  Ho kjem frå stillinga som verksemdleiar for Hinna-barnehagane i Stavanger og har lang erfaring med leiing av barnehagar.

– Det er ei ære for meg å bli vist tilliten til å gå inn i barnehagesjefstillinga i Sola kommune. Eg gler meg til samarbeid og har fått eit godt inntrykk av kommunen. Framover gler eg meg til å vere med å vidareutvikle barnehagane i Sola. Det er viktig for meg å bli kjende med styra i barnehagane og kartlegge kompetansen. For å lykkast, er lagspelet viktig, seier Mona Mjølsnes Knutsen. 

– Det er ei glede å melde at Mona Mjølsnes Knutsen har takka ja til stillinga. Me er særs glade for å få Mona med på det gode Sola-laget, seier Ingunn Folgerø, kommunalsjef for oppvekst og kultur.

 

Mjølsnes Knutsen har jobba i barnehagefeltet sidan 1999.Ho har vore verksemdleiar i Stavanger kommune og leia fem barnehagar. Ho er utdanna barnehagelærar, har spesialpedagogikk og master i leiing og juss fra BI. 

Mona sitter ved pulten - Klikk for stort bildeBarnehagesjef Mona Mjølsnes Knutsen Privat