Ny kommunalsjef oppvekst og kultur

Ingunn Folgerø er tilsett som ny kommunalsjef for oppvekst og kultur i Sola kommune. Ho overtar stillinga etter Rune Moen som går av med pensjon 31. mars.

Ingunn Folgerø er 51 år og bur i Stavanger. Folgerø er i dag rektor på Bryne vidaregåande skule. Folgerø er cand.polit., med hovudfag i nordisk språk og litteratur. Ho har brei erfaring frå utdanningsfeltet som lærar, lektor og rektor både i grunnskolen og på vidaregåande skole nivå. Folgerø har også vore kommunalsjef i Rennesøy kommune og fakultetetsdirektør ved Fakultet utdanningsvitenskapleg fakultet.  Folgerø har også vore leiar i Lærerprofesjonens etiske råd og vore med i NOKUTS sakkunnig komité for evaluering av lektorutdanninga.

– Vi er veldig glad for at vi har fått Ingunn Folgerø som ny kommunalsjef, seier kommunedirektør Knut Underbakke. Vi får ein solid kommunalsjef på plass med stor fagleg tyngde om med relevant erfaring frå dei viktige fagområda som ho får ansvar for. Folgerø er nytenkande og ein lagspelar som vil medverke til at Sola kommune utviklar seg vidare. Vi har store ambisjonar i Sola og eg er trygg på at Ingunn vil medverka til av vi leverer gode tenester og møter Sola 2040 på ein god måte, seier Knut Underbakke.

Det er særs verdifullt for meg å arbeide med dedikerte tilsette og politikarar for å gi kvart barn ein barndom som gjer at dei seinare tek gode val for seg og dei kring seg. Sola kommune er kjende for ha gode skular, barnehagar og variert kulturtilbod. Eg har også sett med stor interesse på kva barneverntenesta har fått til i Sola dei siste åra. Å skape ei så god utvikling innføre eit så krevjande område fortel meg at her er mykje å gle seg over i ein kvardag som kan vere vanskeleg. Desse kvalitetane inspirerer og eg gler meg til å få bidra i denne samfunnsutviklinga. Offentlege tenester må utviklast kvar dag i tråd med endra behov og denne jobben ser eg fram til å ta fatt på med heile organisasjonen, seier Ingunn Folgerø.