Sola kommune skal få seg ein ny plan for kultur, idrett og frivilligheit. Arbeidet er no inne i siste fase, og Utval for oppvekst og kultur har vedtatt å legga planen – med tittelen «Kultur bygger samfunn» – ut for offentleg høyring.
No ønsker Sola kommune at så mange som mogleg engasjerer seg med innspel til planen innan 1. mars. Innspela dine blir med in den vidare politiske handsaminga. Det er kommunestyret som vedtar planen i mai.
- Me ønsker ein plan som er enkel å lesa og forstå, og som inneheld konkrete og tydelege satsingar. Derfor treng me å veta det om det er noko folk ikkje forstår, om dei er heilt ueinige i noko eller ønsker seg meir av noko anna, seier kultursjef Espen Røsbak.
Planutkastet peikar på fire satsingsområde:
- Velkommen til torgs
- Kule Sola
- Aktive Sola
- Utandørskultur
Kultursjef Røsbak vil også gjerne at moglege samarbeidspartnarar til kommunen melder seg i høyringsprosessen.
– Om du har noko du eller din organisasjon kan bidra med for å nå måla i planen, vil me gjerne høyra frå deg.
Kultur bygger samfunn (PDF, 2 MB)
Utkast til handlingsplan (PDF, 91 kB)
Frist for å gje innspel er 1. mars 2026. Send merknadar på e-post til epost@sola.kommune.no, eller via post til Sola kommune, postboks 99, 4097 Sola.