Prosjektleiar Per Skretting minte alle på at Solabadet er meir enn eit nytt symjeanlegg.
— Som prosjektleiar har eg sett dette anlegget vekse fram frå politiske vedtak, teikningar, berekningar og modellar, til betong, stål, avansert teknikk og vatn. Men først og fremst har eg sett det vekse fram gjennom arbeid, engasjement og vilje til å finne løysingar. Derfor er dette meir enn opninga av eit bygg. Det er opninga av ein møteplass.
Etter den formelle snorklippinga, hadde Sola svømmeklubb ei oppvisning. Vi fekk sjå fire av dei beste jentene og fire av dei beste gutane i ein forrykande medleystafett.
Konferansier for kvelden var kommunedirektør Knut Underbakke.
Kommunedirektør Knut Underbakke var kveldens konferansier. Prosjektleiar Per Skretting fekk både blomster og gode ord.— Dette er ein stor og viktig dag for oss alle! I dag skal vi opne noko de innbyggjarane eig, nemleg Solabadet. Og eg kan garantere at de i dag vil få ei oppleving ingen andre kommunar kan matche!
Underbakke hinta då til stafetten mellom kommunen og dei unge proffane.
Programmet vart nemleg avslutta med ein uhøgtideleg stafett mellom Sola kommune og eit mix-lag frå Sola svømmeklubb (SSK). Til trass for iherdig innsats, var dei unge symjarane best og stakk av med premiane. Laget frå SSK besto av Victoria Godejord, Ask Stavnem, Oda Lutentun og Herman Tunheim.
Janne Stangeland Rege, Christoffer Johansen, Rune Veenstra og Elin Schanche utgjorde kommunelaget.
