Vil du vera med og laga kulturplan?

Kor likar du å møta andre? Kva gjer deg stolt av heimstaden din? Kva likar du å gjera på fritida. Kva saknar du av arrangement og tilbod i Sola? No har du sjansen til å påverka ein heilt ny plan som vil styra utviklinga i kommunen heilt fram til 2036.

I haust er det innspurt for arbeidet med ny plan for kultur, idrett og frivilligheit. Sola kommune har no lagt fram et utkast til planen og ønsker innspel til utkastet.

 - Me ønsker ein plan som er enkel å lesa og forstå, og som inneheld konkrete og tydelege satsingar. Derfor treng me å veta det om det er noko folk ikkje forstår, om dei er heilt ueinige i noko eller ønsker seg meir av noko anna, seier kultursjef Espen Røsbak

Smak på planen

Bildet viser Sjakkbrikker satt opp på sjakkbrett i Sola bibliotek. En ung kvinne studerer bøker i en bokhylle i bakgrunnen. - Klikk for stort bildeUtkastet til kulturplan vil vera tilgjengeleg på Sola bibliotek etter Sola smaksfest.

Under Sola smaksfest, 13. september, kan du få ein smakebit på kulturplanen, stilla spørsmål og seia kva du meiner. Etter smaksfesten, vil utkastet til kulturplan henga på Sola bibliotek slik at du kan komma innom når som helst for å legja att eit råd, eit ønske eller litt kritikk.

Planen blir lagt fram for politikarane igjen i november, etter at skuleelevar, organisasjonar, klubbar og folk i alle aldrar har fått seia sitt om den. Våren 2026 blir den endeleg vedteken.

 - Kultur er viktig for alle, seier kultursjefen. 

 - Kultur handlar om korleis me lagar eit godt samfunn, der alle har noko meiningsfullt å gjera og der alle har tilgang til gode fellesskap. Kultur, idrett og frivilligheit er det som held oss glade, friske og smarte. Derfor er ditt bidrag til kulturplanen viktig.

Les kommunens utkast til kulturplan (PDF, 974 kB)

Bruk skjemaet under for å senda inn dine tankar.